Beskrivelse
Skal du i gang med å analysera kvalitative data som du har henta inn gjennom intervju, feltarbeid eller dokumentanalyse? Har du opplevd å sitta der med side opp og side ned med transkriberte intervju og lurt på kva du skal gjera?Du er ikkje åleine. Sjølv erfarne forskarar kan kjenna seg overvelda og usikre i møte med store mengder data. Kvar skal ein eigentleg byrja?Kollektiv kvalitativ analyse er eit svar på det spørsmålet. Det er ein metode for å koma raskt i gang med analysearbeidet i staden for å bli sittande i uvissa. Metoden har fem trinn:• datareduksjon• felles gjennomgang av datamaterialet• idemyldring• sortering og drøfting av tema• disposisjon og arbeidsplanAnalyse er eit handverk som du lærer best i lag med andre. Derfor er kollektiv kvalitativ analyse utvikla for å analysera datamaterialet i lag, med til dømes studentar, ph.d.-kandidatar, forskarar eller rettleiarar.







